top of page
Nyhende frå Sund sogelag

Julekonsert i skulestova 2024


Venelaget til skulestova på Berge har gjort førjulskonserten i skulestova til ein tradisjon. Sund sogelag har lova å vera medarrangør. Julekonserten i skulestova 3. desember 2024 hadde 2 forestillingar - begge var fullsette (25 plassar).


Artistane dette året var Hanne Katrine Boga, Siv Berge, Katinka Bakke, Maia-Elise Tansøy Austevoll og Håvard Lie Melkevik. Me fekk høyra eit variert program med tradisjonelle og nyare julesongar. Publikum var med på allsong - også på “Deilig er jorden” som avslutting. I programmet las Karen Boga ei tradisjonell julefortelling.






Etter konserten, serverte Venelaget gløgg og småkaker.

Også dette året var det ein fin konsert til å koma i julestemning av.

Kommentare


bottom of page