
Med utgangspunkt i ei utlysing frå Landslaget for lokalhistorie, tok Mette initiativ til eit prosjekt med Sund ungdomsskule. Skulen var positiv. Me fekk og med Nordsjøfartmuseet i prosjektarbeidet. Skulen sin prosjektleiar har vore Karoline Øvretveit. Frå Nordsjøfartmuseet har Jenny Heggvik og Joakim Gusland vore med i prosjektgruppa. Mette Jacobsen og Gerhard Inge Storebø har representert Sund sogelag.

Prosjektgruppa: Gerhard Inge Storebø, Anne Hufthamar (rektor Sund ungdomskule), Joakim Gusland, Jenny Heggvik og Mette Jakobsen. Karoline Øvretveit var ikkje til stades.
Me fekk økonomisk støtte til prosjektet frå Landslaget for lokalhistorie, frå Øygarden kommune og frå “Den kulturelle skulesekken”. Frå Landslaget for lokalhistorie fekk me maksimal støtte med kr.60.000.-.


Målgruppa for prosjektet var alle dei 127 elevane på 9. klassetrinnet. Utgangspunktet var lokal krigshistorie og framsyning av filmen “Lengsel etter nåtid” av ressigør Knut Erik Jenssen - om evakueringa av Finnmark under 2. verdskrigen. Filmen vart vist på kinoen på Straume.

Elevane fekk trena på global konfliktløysing gjennom spelet “World peace game”. Her skulle dei som styrde i fire ulike område koma fram til løysingar på aktuelle verdsproblem. Alle elevane fekk ulike roller. Skulen gav tilbakemelding på stort engasjement i spelet.
Elevane har vore på Gestapomuseet og Bergenhus festningsmuseum i Bergen.
På Nordsjøfartmuseet fekk dei gjennomgått eit spesielt tilrettelagt opplegg med mellom anna filmframsyning.

I Skulestova på Berge tok Ivar Steinsland imot elevane fordelt på 5 grupper.
Han fortalde om korleis det hadde vore å gå på skulen like etter 2. verdskrigen.
Ivar fortalde og om sine minne frå etterkrigstida - og om hendingar i Steinslandsområdet under krigen. Han fortalde og med stor innleving om skjebnar frå krigen som han hadde direkte tilknyting til. Elevane gjekk frå ungdomsskulen til Berge og tilbake att.

Torsdag 20,februar vart prosjektet avslutta med at elevane fekk presentera
arbeida sine knytt til det dei hadde fått gjennomgått i prosjektet. Her var det mange filmsnuttar, podcastar og veggaviser. Nokre hadde bygd modellar. Og så var det over 70 elevar med i koret som framførde songen “Til ungdommen”. Alle viste engasjement i presentasjonane sine. På Nordsjøfartmuseet var det folksamt denne kvelden - omlag 250 frammøtte ifylgje museumsstyraren. Både Vestnytt og Vigleik Brekke frå Øygarden kommune laga fine reportasjar frå denne kvelden.
Sund sogelag er takksam for det gode samarbeidet me har hatt med Sund ungdomsskule og Nordsjøfartmuseet i dette prosjektet. Sogelaget er og takksam for innsatsen til Ivar Steinsland i Skulestova på Berge - og er glad for at Øyvind Heggstad fekk filma Ivar si forteljing til skuleelevane.
Commenti